....ihvertfald har den norske stat angiveligt haft møde med GM omkring Saab:
http://www.nrk.no/nyheter/okonomi/1.6577324
"Representantar frå den norske regjeringa har i løyndom vore i Trollhättan
og kikka på fabrikklokala.
- Det finst planar for ein norsk elhybridsatsing, seier ei kjelde i General
Motors til den svenske avisa Expressen.
Elhybrid-bilane skal ha utsping i Noreg, men byggjast i Sverige dersom Saab
kjem i norske hender.
Think inne i bildet
Noreg har tidlegare satsa på elbilen Think, og eigarane har vore interessert
i å flytte produksjonen utanlands. Think-satsinga har gått tregt og har hatt
fleire krisemøte med regjeringa.
Det er mogleg at interessa rundt Saab kan ha samanheng med Think-prosjektet,
meiner Expressen.
Nektar å kommentere
Til saman er det 27 interessentar som har vist interesse for å kjøpe Saab av
General Motors. Kinesiske Geely blir rekna for å vere dei som ligg best an
for å kjøpe Saab.
Salet av Saab skal vere klart i løpet av juni, og bilprodusenten har
kategorisk unngått å kommentere kven dei eventuelle kjøparane er."
--
http://www.saabklub.dk/